Alfred Nobel Liv | Ettermæle | Bakgrunnsstoff | NavigasjonsmenyBiografi utgjeven av Det Norske NobelinstituttWorldCatVIAFGNDLCCNISNIBNFBNF (data)LIBRISSUDOCNLA
EinskildmennFødde i 1833Døde i 1896NobelprisenSvenske oppfinnararSvenske velgjerararFolk frå Stockholm
21. oktober183310. desember1896dynamittNobelprisenStockholmEmmanuel NobelStockholmSt. Petersburgtorpedoarkjemikarpatentdynamittåret føranleggsverksemdSanremoNobelprisennobeliumatomnummer
Alfred Nobel
Hopp til navigering
Hopp til søk
Alfred Nobel | |
| |
Fødd | Alfred Bernhard Nobel 21. oktober 1833 Stockholm, Jakobs församling |
---|---|
Død | 10. desember 1896 Sanremo |
Nasjonalitet | Sverige |
Område | kjemikar, ingeniør, oppfinnar |
Yrke | kjemikar, industrieier, velgjerar, fotograf, våpenprodusent, ingeniør |
Medlem | Kungliga Vetenskapsakademien |
Alfred Bernhard Nobel (21. oktober 1833–10. desember 1896) var ein svensk kjemikar, ingeniør, oppfinnar og filantrop, kjend for å ha utvikla dynamitt og oppretta Nobelprisen.
Liv |
Alfred Nobel var fødd i Stockholm som tredje son av Emmanuel Nobel (1801-1872). Familien budde i Stockholm til Alfred var 8 år gamal, og dei flytta til St. Petersburg der faren hadde starta ein maskinverkstad der det vart produsert torpedoar.
Alfred Nobel viste tidleg interesse for naturvitskap og språk, og hadde lett for å lære. Han skaffa seg omfattande kunnskapar om både naturvitskap og litteratur, men han tok aldri eksamen på noko universitet eller høgskole.
I 1863 flytta han attende til Sverige og byrja å arbeide som kjemikar ved faren sin verkstad i Helenborg. Han vidareutvikla sprengstoffet nitroglysering og starta industriell produksjon av dette i 1864. I 1867 fekk han patent på ein type sprengstoff han gav namnet dynamitt, etter å ha funne opp dette året før. Denne oppfinninga fekk stor innverknad på anleggsverksemd i mange land og la grunnlaget for Nobel sin store formue.
Som oppfinnar tok Alfred Nobel 355 patent.
Nobel døydde i Sanremo i Italia.
Ettermæle |
Nobel hadde også sterke sosiale interesser og ein draum om å gjere noko for menneske verda over. Han testamenterte det meste av formuen til eit fond der inntektene kvart år blir brukt til å dele ut Nobelprisen.
Grunnstoffet nobelium med atomnummer 102 er kalla opp etter Alfred Nobel.
Bakgrunnsstoff |
Commons har multimedia som gjeld: Alfred Nobel
- Biografi utgjeven av Det Norske Nobelinstitutt
|
Kategoriar:
- Einskildmenn
- Fødde i 1833
- Døde i 1896
- Nobelprisen
- Svenske oppfinnarar
- Svenske velgjerarar
- Folk frå Stockholm
(RLQ=window.RLQ||[]).push(function()mw.config.set("wgPageParseReport":"limitreport":"cputime":"0.252","walltime":"0.412","ppvisitednodes":"value":1142,"limit":1000000,"ppgeneratednodes":"value":0,"limit":1500000,"postexpandincludesize":"value":13762,"limit":2097152,"templateargumentsize":"value":2731,"limit":2097152,"expansiondepth":"value":11,"limit":40,"expensivefunctioncount":"value":5,"limit":500,"unstrip-depth":"value":0,"limit":20,"unstrip-size":"value":0,"limit":5000000,"entityaccesscount":"value":1,"limit":400,"timingprofile":["100.00% 378.523 1 -total"," 90.22% 341.488 1 Mal:Infoboks_vitskapsfolk"," 85.05% 321.935 1 Mal:Infoboks"," 40.02% 151.496 1 Mal:Bilete_frå_Wikidata"," 14.89% 56.355 2 Mal:Br_separated_entries"," 6.65% 25.159 1 Mal:Autoritetsdata"," 3.84% 14.551 2 Mal:KategoriKjønn"," 1.74% 6.587 1 Mal:Levde"," 1.32% 5.015 1 Mal:Commonskat"],"scribunto":"limitreport-timeusage":"value":"0.162","limit":"10.000","limitreport-memusage":"value":3953394,"limit":52428800,"cachereport":"origin":"mw1334","timestamp":"20191015221926","ttl":2592000,"transientcontent":false););"@context":"https://schema.org","@type":"Article","name":"Alfred Nobel","url":"https://nn.wikipedia.org/wiki/Alfred_Nobel","sameAs":"http://www.wikidata.org/entity/Q23810","mainEntity":"http://www.wikidata.org/entity/Q23810","author":"@type":"Organization","name":"Bidragsytarar til Wikimedia-prosjekta","publisher":"@type":"Organization","name":"Wikimedia Foundation, Inc.","logo":"@type":"ImageObject","url":"https://www.wikimedia.org/static/images/wmf-hor-googpub.png","datePublished":"2005-02-05T16:41:04Z","dateModified":"2017-02-27T16:22:24Z","image":"https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/6/6e/AlfredNobel_adjusted.jpg"(RLQ=window.RLQ||[]).push(function()mw.config.set("wgBackendResponseTime":144,"wgHostname":"mw1270"););