Skip to main content

Merovingarar Kongerekkje | Merovingarar i kulturen | Kjelder | NavigasjonsmenyVIAFGNDNKCNDL

FrankararFransk historieFrankiske herskarar


451751karolingaraneMerovechMerovicfrankarane451458Marcomer300-taletFaramondLex Salicum1415Henry V400-taletkarolingarane751langt hårChilperic IIIklosterPippin den stuttesamkongedøme509511SoissonsSyagriusParisSoissonsReimsMetzOrléansBrunhildaDagobert IAkvitaniaToulouse629679GralenDan BrownJesusMaria MagdalenaDa Vinci-kodenDagobert II












Merovingarar




Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket






Hopp til navigering
Hopp til søk




Det merovingiske kongeriket.


Merovingarar eller merovingarane er nemninga på den første kongeætta som rådde over Frankarriket. Dei sat med kongsmakta frå 451 til 751, då karolingarane tok over. Namnet merovingar skriv seg frå Merovech eller Merovic, som rådde for frankarane frå om lag 451 til 458. Merovech er rekna som stamfar til heile ætta, sjølv om overleveringa fortel at slekta skriv seg frå ein Marcomer som var i romersk teneste seint på 300-talet, og sonen hans, Faramond. Frå Faramond finst det ein Lex Salicum, som skal ha vore rettskraftig så seint som i 1415, og grunngav kravet Henry V gjorde på den franske krona.


Merovingarane var ei typisk germansk hovdingætt, og prega fransk og europeisk politikk frå midten av 400-talet til dei vart avsette av karolingarane om lag 751. Særmerket deira var at alle merovingarkongane hadde langt hår, noko som tydde manndom og styrke. Då den siste kongen, Chilperic III, vart sett i kloster, av hushovmeisteren Pippin den stutte, vart kuppet sett i verk ved å symbolsk skjera av han alt håret.


Elles hadde merovingarane, som andre hovdingætter av same slag, tradisjon for samkongedøme, noko som ofte kom til å dele opp kongeriket i den tida dei rådde for frankarane. Dette førte òg til ufred mellom brør og kongesøner. I kongerekkja finn ein difor ofte at fleire rår samstundes.



Kongerekkje |


Chlodovech I eller Clovis rådde for heile Gallia etter 509 til han døydde i 511.


Chlodovech sameinte så godt som heile det romerske Gallia under sitt styre, so vel som Soissons, som den romerske hærføraren Syagrius hadde rådd for før. Han valde Paris som hovudstad, og dette vart fremste bustaden hans, saman med Soissons, Reims, Metz, og Orléans. Då han døydde, vart riket delt mellom dei fire sønene hans:









Soissons



  • Chlotaire I, 511–561


Paris



  • Childebert I, 511–558


  • Chlotaire I, 558–561



Orléans



  • Chlodomer, 511–524


  • Childebert I, 524–558


  • Chlotaire I, 558–561



Reims



  • Theuderic I, 511–534


  • Theudebert I, 534–548


  • Theudebald, 548–555


  • Chlotaire I, 555–561


Chlotaire I arva etter kvart alle dei frankiske kongedøma etter at brørne eller etterfølgjarane deira var daude. Etter at han sjølv fór av, vart kongedømet delt opp att mellom sønene hans:









Soissons (etter kvart Neustria)



  • Chilperic I, 561–584


  • Chlotaire II, 584–629



Paris



  • Charibert I, 561–567


  • Chilperic I, 567–584


  • Chlotaire II, 584–629



Orléans (Med tida Burgund)



  • Guntram, 561–592


  • Childebert II, 592–595


  • Theuderic II, 595–613


  • Sigebert II, 613


  • Chlotaire II, 613–629



Reims og Metz (Med tida Austrasia)



  • Sigebert I, 561–575


  • Childebert II, 575–595


  • Theudebert II, 595–612


  • Theuderic II, 612–613


  • Sigebert II, 613


  • Chlotaire II, 613–623


Chlotaire II varde Brunhilda og sonesonen hennar. Han sameinte kongedømet på ny. Men i 623 gav han den unge sonen sin til Austrasia for at denne skulle vera konge der. Sonen åt etterfølgjaren hans, Dagobert I,
heldt fram denne politikken ved å utnemne ein underkonge for Akvitania, som skulle rå frå Toulouse, i 629.








Neustria og Burgund



  • Dagobert I, 629–639


  • Chlodovech II, 639–658


  • Chlotaire III, 658–673


  • Theuderic III 673


  • Childeric II, 673–675


  • Theuderic III, 675–691



Akvitania



  • Charibert II, 629–632


  • Chilperic, 632


  • Dagobert I, 632–639



Austrasia



  • Dagobert I, 623–634


  • Sigebert III, 634–656


  • Childebert Fostersonen, 656–661


  • Chlothar III, 661–662


  • Childeric II, 662–675


  • Clovis III, 675–676


  • Dagobert II, 676–679


Theuderic III vart kanna som konge over alle frankarar i 679. Frå då av kan ein rekne kongedømet som samla att, trass i nokre mindre feidar.



  • Chlodovech IV, 691–695


  • Childebert III, 695–711


  • Chlotaire IV, 717–720


  • Dagobert III, 711–715


  • Chilperic II, 715–721

    • Chlotaire IV, 717–720, berre motkonge i Austrasia.


  • Theuderic IV, 721–737


  • interregnum 737–743


  • Childeric III, 743–751


Merovingarar i kulturen |


Merovingarane spelar ei rolle i nyare utleggingar av segna om Gralen, og Dan Brown knyter slekta til ei gissa blodline etter Jesus og Maria Magdalena. I denne tradisjonen skulle Merovic (med eit namn som er knytt til ord-lekken *mar, hav), vera komen frå havet eller vera son av eit havuhyre, som vert tolka inn i denne tradisjonen. Den faktiske ættlina etter Faramond ser Dan Brown heilt bort frå. Mykje av spekulasjonen kring Da Vinci-koden krinsar om lagnaden til kong Dagobert II.



Kjelder |



  • Alf Henriksons verdshistorie.

  • Engelsk Wikipedia.









Henta frå «https://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Merovingarar&oldid=3056880»













Navigasjonsmeny


























(RLQ=window.RLQ||[]).push(function()mw.config.set("wgPageParseReport":"limitreport":"cputime":"0.100","walltime":"0.165","ppvisitednodes":"value":288,"limit":1000000,"ppgeneratednodes":"value":0,"limit":1500000,"postexpandincludesize":"value":2553,"limit":2097152,"templateargumentsize":"value":0,"limit":2097152,"expansiondepth":"value":5,"limit":40,"expensivefunctioncount":"value":0,"limit":500,"unstrip-depth":"value":0,"limit":20,"unstrip-size":"value":0,"limit":5000000,"entityaccesscount":"value":1,"limit":400,"timingprofile":["100.00% 113.080 1 -total"," 76.22% 86.187 1 Mal:Autoritetsdata"," 8.04% 9.097 3 Mal:Col-begin"," 7.94% 8.980 3 Mal:Col-end"," 6.03% 6.818 11 Mal:Col-break"],"scribunto":"limitreport-timeusage":"value":"0.027","limit":"10.000","limitreport-memusage":"value":828642,"limit":52428800,"cachereport":"origin":"mw1266","timestamp":"20191210120535","ttl":2592000,"transientcontent":false););"@context":"https://schema.org","@type":"Article","name":"Merovingarar","url":"https://nn.wikipedia.org/wiki/Merovingarar","sameAs":"http://www.wikidata.org/entity/Q59488","mainEntity":"http://www.wikidata.org/entity/Q59488","author":"@type":"Organization","name":"Bidragsytarar til Wikimedia-prosjekta","publisher":"@type":"Organization","name":"Wikimedia Foundation, Inc.","logo":"@type":"ImageObject","url":"https://www.wikimedia.org/static/images/wmf-hor-googpub.png","datePublished":"2007-06-08T11:20:02Z","dateModified":"2018-06-29T18:56:21Z","image":"https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/7/7b/Merovingian_dynasty.jpg"(RLQ=window.RLQ||[]).push(function()mw.config.set("wgBackendResponseTime":122,"wgHostname":"mw1321"););

Popular posts from this blog

Tamil (spriik) Luke uk diar | Nawigatjuun

Align equal signs while including text over equalitiesAMS align: left aligned text/math plus multicolumn alignmentMultiple alignmentsAligning equations in multiple placesNumbering and aligning an equation with multiple columnsHow to align one equation with another multline equationUsing \ in environments inside the begintabularxNumber equations and preserving alignment of equal signsHow can I align equations to the left and to the right?Double equation alignment problem within align enviromentAligned within align: Why are they right-aligned?

Where does the image of a data connector as a sharp metal spike originate from?Where does the concept of infected people turning into zombies only after death originate from?Where does the motif of a reanimated human head originate?Where did the notion that Dragons could speak originate?Where does the archetypal image of the 'Grey' alien come from?Where did the suffix '-Man' originate?Where does the notion of being injured or killed by an illusion originate?Where did the term “sophont” originate?Where does the trope of magic spells being driven by advanced technology originate from?Where did the term “the living impaired” originate?